Lakselus, forskning og overvåkning Marine algetoksiner, analyse Pungbrokk, undervisningen ved NVH Kastrasjon, undervisningen ved NVH
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 



 
 



Sebrafisk som modell for studiar av økotoksineffektar på fisk

Rasoul Nourizadeh-Lillabadi har vist at sebrafisk kan brukast som modellfisk for å studere kva for effektar økotoksin har på lokal fisk i Noreg. Giftstoffa som blei nytta i arbeidet, stamma frå  produksjonsvatn frå offshoreindustrien og frå organiske stoff som hadde hopa seg opp i levra hos lake i innsjøane Mjøsa og Losna.

 
 
Sebrafisk er ein liten akvariefisk som nyttast som modellorganisme i stadig aukande grad på fleire område: I grunnleggjande biologisk forsking, som modell for sjukdom hos menneske, i industriell utprøving av lækjarmiddel og no også innan økotoksikologiske undersøkingar.

For ei rekkje av desse bruksområda er det heilt nødvendig med tilgang til presise mikromatriseanalysar som kan reproduserast. Mikromatrise er ein teknologi som blir brukt  til å måle mengda av mange ulike genprodukt (mRNA) i eit enkelt eksperiment.

Nourizadeh starta doktorgradsarbeidet sitt med å etablere ein mikromatriseanalyse for bruk på sebrafisk. Seinare i arbeidet blei metoden nytta til å studere endringar i genutrykket hos sebrafisk som var eksponert for to ulike typar av miljøgifter.

I den første studien blei sebrafisk eksponert for blandingar av polyaromatiske hydrokarbon (PHAs) og  alkylfenolar (Aps) i produksjonsvatn frå norsk offshore olje- og gassverksemd. I den andre studien blei sebrafisken utsett for naturlege blandingar av persistente organiske forureiningsstoff som er akkumulert i levra hos lake frå innsjøane Mjøsa og Losna.

I eksponeringsstudiane blei effektar som dødstal, misfostre, endring av kroppsvekt, forskyving i kjønnsfordeling og kjønnsmogning observert. Desse effektane var i samsvar med det man fann av endringar i genuttrykket. Til dømes avslørte genanalysane  effektar på reproduksjonssystemet samt feitt- og karbohydratstoffskiftet til sebrafisken i begge eksponeringsstudiane.

Rasoul Nourizadeh-Lillabadi disputerte måndag 14. desember 2009  for graden Philosophiae Doctor (PhD) ved Noregs veterinærhøgskole med avhandlinga ”Genome-wide Gene Expression Profiling in the Zebrafish (Danio rerio) Model: Studies with focus on eco-toxicology and functional genomics ”.

Personlege opplysningar:
Rasoul Nourizadeh-Lillabadi kjem frå Iran og har budd i Noreg sidan 1987. Han har studert ved Oslo ingeniørhøgskole og har seinare teke hovudfag i biokjemi ved Universitetet i Oslo. Etter seks år som avdelingsingeniør ved Noregs veterinærhøgskole, har han dei siste åra vore tilsett som stipendiat ved Institutt for basalfag og akvamedisin same stad.

Kontakt:
Rasoul Nourizadeh-Lillabadi
Tlf. 22 96 25 73
Mobil: 902 50519
E-post: Rasoul.Nourizadeh-Lillabadi@nvh.no








 
 
Fusjonen UMB og NVH
 
The Norwegian Zebrafish Platform
 
Forskningsfondet Kreft hos hund
 
Matteknologisk utdanning - Høgskolen i Sør-Trøndelag
 
Etterutdanning
 
Verdier
 
Etiske retningslinjer
 
Hjelp familiedyr til bedre helse
 
Senter for mattrygghet
 
Nova university
 
Aquaculture Protein Centre

Aquamedicine

Student nett
 
 
 
Norges veterinærhøgskole Besøksadr: Ullevålsvn 72 E-post: post@veths.no
Postboks 8146 Dep (innkjøring Thulstrupgt.) Redaktør: info@veths.no
0033 Oslo Tlf. 22 96 45 00 Teknisk støtte: web@veths.no
Faks 22 59 73 09